Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"Eit vedtak frå likestillingsnemnda har skapt rabalder. Når NHO og andre er så aggressive på dette, kjem det nok av at heile saka utfordrar ein årelang kultur og praksis der kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte. "
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Pensjonsforhandlingane: Ny frist for mekling
Onsdag 3. juni klokka 24.00 er ny frist for mekling i offentleg sektor. Dermed blir ein eventuell streik i offentleg sektor tidligast sett i verk frå torsdag morgon 4. juni.

Arbeidsgruppa som er sett ned for å finne ei løysing i pensjonsmeklinga, vart i dag einige om at prosessen rundt mekling skal halde fram.

Forhandlingsleiarane i arbeidstakarorganisasjonane Unio, LO, YS og Akademikerne deltek i arbeidsgruppa, som vert leia av arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen. Arbeidsgruppa har hatt fleire møte i dag, mellom anna for å drøfte vidare framdrift og om meklinga kan halde fram,

- Eg reknar med at regjeringa no vil vise større vilje til å imøtekomme pensjonskrava frå organisasjonane, og dermed styrkje grunnlaget for å finne ei løysing, seier leiar i Unio, Anders Folkestad.

Meklingsfristen gjekk opphavleg ut natt til onsdag 27. mai. Unio, LO, YS og Akademikerne har levert felles krav om offentleg tenestepensjon. 

Skrevet 27.5.2009

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no