Få skjønar pensjonssystemet
10.08.2009. Dei fleste arbeidstakarane anar ikkje kva dei vil få i pensjon. Sju av ti kjenner heller ikkje den nye ordninga som vert innført frå 2011.Bergens Tidende har, etter å ha gått gjennom ei rekkje undersøkingar, slått fast at det er eit fåtal som har god kontroll på kva pensjonsordningane inneber, og kva dei vil få utbetalt når dei pensjonerer seg.
Inga overrasking
- Dette er knappast ei overrasking. Pensjon er komplisert, slår Unio-leiar Anders Folkestad fast. Med tanke på kor mange ulike modellar og løysingar det var tale om, er det ikkje underleg at folk er usikre på kva deira eigen individuelle pensjon vil bli, meiner han, og konstaterer at målsetjinga om ei forenkling av pensjonssystemet ikkje har slått til
Anar ikkje
– Med den nye pensjonsordninga har interessen auka, men det virkar ikkje som kunnskapen er blitt så mykje større, seier forbrukarøkonom Knut Dyre Haug i Storebrand.
I undersøkingar selskapet har gjort kjem det fram at 80 prosent ikkje kan svare på kor mykje dei får i pensjon i prosent av lønn. 11 prosent trur at dei vil få mellom 60 og 70 prosent. 28 prosent veit ikkje om dei har ein ytelsesbasert eller innskuddsbasert tenestepensjon eller om dei har ei ordning i det heile tatt.
Analfabeter
NHH-forskar Trond Døskeland meiner endringane i pensjonssystemet er eit døme på at folk stadig får meir ansvar for sin eigen økonomiske situasjon, og påpeiker at dette stiller større krav til forbrukarane.
Han viser til studier som slår fast at mange menneske er finansielle analfabetar ute av stand til å ta slike val.
Lener seg tilbake
Seniorforskar Knut Røed ved Frisch-senteret trur den gode, statlege pensjonsordninga har gjort at mange nordmenn lener seg tilbake i pensjonsspørsmål.
- I andre land må ein ta meir ansvar sjølv, seier seniorforskaren.
Betre kunnskap etterkvart
- Pensjonsordningane og folketrygda har vore eit av fundamenta i velferdssystemet i Norge, og folk har tillit til at dette er eit sikkerheitsnett for alle, trur Folkestad, og legg til at Norge har sett lite av pensjonssystem basert på spekulasjonsøkonomi og individuelle aksjeportefølje.
Unio-leiaren trur at debatten vi har vore gjennom, har løfta interessen for pensjonsspørsmål – og at dette etterkvart vil føre til betre kunnskap hos folk flest.





