- Publikasjoner
- Høringer
- 2013
- 2012
- 2011
- 2010
- 2009
- 2008
- 2007
- 2006
- 2005
- Unios notatserie
- Politiske dokumenter
-
Kronikker og innlegg
Her finner du kronikker og leserinnlegg av Unio-leder Anders Folkestad.
Høring: Kven får lese e-posten din?
06.02.2007. - Tilsette treng ei privat sfære på jobben og personvernet er viktig. I tilfelle der det er påkrevd innsyn i e-post eller nettbruk, skal arbeidsgjevar gjere avtale med tillitsvalde, seier Unio-leiar Anders Folkestad.Hausten 2006 mottok Datatilsynet fleire spørsmål knytta til kvar grensene går for arbeidsgjevar si moglegheit til innsyn i arbeidstakarane sin e-post. Både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar har ønska ei betre avklaring av kva som er lovleg innsyn.
Endringsforslag frå FAD
Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) sende forslag til endringar i personopplysningslova, arbeidsmiljølova og personopplysningsforskrifta der dei har prøvd å presisere arbeidsgjevar sin innsynsrett i e-posten, nettbruken og i private filer til tilsette.
Følger ikkje spelereglane
- Unio støttar hovudgrepa som er foreslått, men vi meiner likevel at forskrifta ikkje i tilstrekkeleg grad er tilpassa arbeidsmiljølova eller spelereglane i arbeidslivet, seier Unio-leiar Anders Folkestad. Etter arbeidsmiljøloven sitt system, vil ein lovregel i nokre tilfelle kunne fråvikast ved avtale med tillitsvalde. Eit fråvik gjennom instruks, slik det no er foreslått i forskrifta frå FAD, er høgst uvanleg og gir arbeidsgjevar uforholdsmessig stor råderett over forhold av grunnleggande betydning for arbeidstakarane sin integritet.
Tillitsvalde til stades ved innsyn
- Dette er ikkje akseptabelt, og Unio krev at unntak fra forskrifta, som det sjølvsagt kan vere behov for, skal gjerast gjennom avtale med tillitsvalde, seier Unio-leiaren. Unio meiner at det dessuten må stå heilt klart i forskrifta at verneombud eller tillitsvalde skal vere til stades ved innsyn.
- Tolkninga av unntaksbestemmelsane må vere streng, og Unio vil understreke at dette ikkje skal nyttast til kontroll av det daglege arbeidet, sier Folkestad.





