Bra, Aasland

Anders Folkestad replikkbilde
23.11.2010.

Forskingsministeren har gitt regjeringsapparatet ei skikkeleg lekse: lær og praktiser basisreglane for fri og uavhengig forsking.

I fleire reportasjar har Aftenposten sett søkelyset på korleis styresmaktene prøve å pynte på forskingsresultat og å styre forskinga. Eit av utgangspunkta var at Arbeidsdepartementet prøvde å styre ein forskingsrapport om sjukelønnsordninga ved å påverke forskaren til politisk korrekte vurderingar og resultat. Departementet har beklaga etter kvart.

Andre avisoppslag viste at det var god grunn til å slå alarm - fleire offentlege instansar har hatt problem med å skilje mellom forsking og konsulentarbeid.

Når forsking på denne måten blir pynta på, svekkjer det tilliten både til styresmaktene og til forskinga. Det blir sådd tvil om kunnskapsgrunnlaget, og korleis det blir brukt i politikken.

Difor var det befriande med så klar tale frå forskingsministeren. Ho slår fast at det er ekstra viktig at offentlege oppdragsgjevarar legg til rette for fri og uvahengig forsking.


Godt jobba, Tora Aasland - dette var rett og klar tale frå forskingsministeren.
 

Del denne siden
Unio, hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede. Stortingsgata 2, 0158 Oslo. sentralbord: 22 70 88 50. faks: 22 70 88 60. e-post: post@unio.no organisasjonsnummer: 984 152 175. ansvarlig redaktør: Anders Folkestad