Komiske Lars-Ali

Vi hugsar komiske Ali, propagandaministeren, som midt i granatregnet bombastisk hevda at det ikkje var amerikanske soldatar på irakisk jord.
Det har hendt seg meir enn ein gong at politikarar eller andre som vil tukle med realitetane har blitt samanlikna med komiske Ali. Det siste utspelet i så måte kjem frå Lars Haukaas, administrerande direktør i arbeidsgjevarforeininga Spekter.
I dette tariffoppgjeret blei det to streikar i sjukehusa, der Spekter er arbeidsgjevar og forvaltar sin del av forhandlingsansvaret. Men Haukaas vil ikkje vedkjenne seg at Unio og YS har vore i streik mot Spekter. Nei, streiken har vore mot regjeringa, har Haukaas funne ut og toar sine hender.
Og viss det likevel skulle ha vore slik at arbeidstakarane var i streik mot Spekter, må det ha vore ei feilslutning. Og sjølvsagt må den ligge på arbeidstakarsida, skal vi tru Spekterdirektøren. Han heldt seg konsekvent til realitetane på ali-vis: Likelønn var eit ikkje-problem, likestilling av skift og turnus var feil, og arbeidstakarkrav blei omtalt som "ansvarsblindhet". Slikt gjer sjølvsagt inntrykk.
Komiske Ali ville det beste for landet. Det same vil visst Haukaas. For å unngå slike streikeblemmer i framtida, krev han at streikeretten for offentleg tilsette må strammast inn. Sjå meg, høyr meg og tru på meg, ber Spekterdirektøren - og plasserer seg med stil i rolla som komiske Lars-Ali.





