"66-65-30" = bra pensjon

Anders folkestad
01.11.2011. For tida svirrar ein del påstandar om pensjonsordninga i offentleg sektor: lite fleksibel, folk kan ikkje kombinere arbeid og pensjon som dei vil, ordninga stimulerer folk til å gå, ikkje til å stå. Og endeleg: du blir straffa for å stå i arbeid etter 67 år viss du tar ut folketrygd.

For tida svirrar ein del påstandar om pensjonsordninga i offentleg sektor: lite fleksibel, folk kan ikkje kombinere arbeid og pensjon som dei vil, ordninga stimulerer folk til å gå, ikkje til å stå. Og endeleg: du blir straffa for å stå i arbeid etter 67 år viss du tar ut folketrygd.

Berre det siste er rett. Men dette er ein regjeringsskapt skavank. Påfunnen og innført etter forhandlingane. Og på toppen er dei frekke nok til å påstå at organisasjonane "fekk det dei bad om". Viss regjeringa meiner alvor med "arbeidslina" burde dei skunde seg å rette opp skaden.

Men det verkar visst viktigare for enkelte å framstille ordninga som dårleg. Det kan tidvis høyrest ut som den offentlege pensjonsordninga er dårlegare enn andre ordningar. Og på toppen av det heile, direkte og indirekte blir det sagt - ordninga er for dyr! Og dermed utgått på dato.

Og her er vi vel ved kjernen. Ordninga er "dyr". Det var - og er - difor regjeringa og arbeidsgjevarar vil ha ei billegare og dårlegare ordning.

Pensjonsordninga er ei kollektiv ordning. Ikkje alt er perfekt. Men hovudtrekka er godt tilpassa yrkesmønsteret i offentleg sektor. Mange har lang utdanning, startar yrkesløpet seint. Oppteningstida blir kortare. Og mange har tøffe jobbar. Dei kan ikkje stå i arbeid "så lenge dei vil". Dei treng ein trygg og god pensjon.

Difor er "66-65-30" eit godt alternativ for dei fleste. Pensjonsnivået er 66 pst av sluttlønna ved 65 år når du har 30 års opptening. Du veit kva du får - du ha ein garantert pensjon. Men i tråd med det store innsparingsgrepet i pensjonsreforma - levealdersjustering - må dei tilsette gradvis arbeide litt lenger for å vere sikra dette nivået. men det gjeld alle.

Offentleg tilsette har ordninga ei fleksibel afp-ordning: dei kan trappe ned ved å kombinere delvis arbeid og delpensjon frå 62 år der som dei har behov for det. For dei aller fleste er dette eit betre verkemiddel til å forlenge yrkeskarrieren, enn å lokke med gullpensjonar for dei få som arbeider etter 70 år.

Det finst tydelegvis dei som no er overivrige i leitinga etter svake sider ved pensjonsordninga i det offentlege. Også finansmarknaden rører på seg. Dei vil gjerne spele på ideen om at pensjon er ein sparekapital til taktisk bruk. Gjerne på ein marknad der "spareprodukta" blir meir og meir fantasifulle - og risikable. Det "beste" skal viss vere å flytte heile pensjonen over på spekulasjonsmarknaden. Då tar arbeidstakaren all risiko. Sikkert fint for finansnæringa og somme arbeidsgjevarar. Men trygg pensjon blir det ikkje.
 

Del denne siden
Unio, hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede. Stortingsgata 2, 0158 Oslo. sentralbord: 22 70 88 50. faks: 22 70 88 60. e-post: post@unio.no organisasjonsnummer: 984 152 175